Rapport fra Smågutte
Referat frå Åpningscupen.
Fredag den 9 gikk Åpningscupen av stabelen. Dette var første gangen for Dahle smågutter prøvde seg på full 11`bane i år. Og for mange av gutane var det første gang dei spelte ein kamp på full bane. Det blei spelt 4 kamper.
1 kamp Dahle-CFK 1, 1-1:
Etter ein jamn opning av kampen tok CFK meir og meir over. Men mot spillets gang scora Dahle det første målet midtveis i 1 omg. Dette etter eit lang og flott framspill til Sindre som satte på turboen og sprang frå det som var av forsvar og sette den i mål. Flott prestasjon. Etter dette blei det einvegs kjør mot Dahle målet. Men takket være eit kjempe defensivt arbeid gikk me til pause med ein 1-0 leiing. I 2 omg forsatte kjøret og dette resulterte i 1-1 målet til CFK. Og ein skal være så ærlig å sei at dette var fortent. Dette blei også slutt stillinga.
Oppsummering: Dette var ein underpari kamp for vår del. Forsvars arbeidet var glimrande men me kom ikkje i gang med angrepspelet vårt og var for lite flinke til å bruke da 60 meters bakrommet som CFK gav oss.
2 Kamp Dahle-AK/og so ein haug med andre lag, 1-1:
Også denne kampen opna jamn. Etter kvart tok me over kampen og det var derfor fullt fortent når El captain Olav Akselsen lada stor sleggo og sendte ballen i mål frå 40 meter. Me gjekk dermed til pause med 1-0 leiing. Me forsette å styre kampen i 2 omg men fikk ein del uheldige dommar avgjørelser mot oss og nettopp på grunn av ein av desse fikk me eit frispark mot oss som AK/osv. satte i mål til 1-1. Ikkje så mykje keeper og forsvaret kunne gjøre med den. Me hadde sjansar nok til å vinne men det ville seg ikkje. Så dermed blei det 1-1.
Oppsummering: Forsvaret forsette å spille bra. Me fekk og i gang angrep spelet vårt og hadde nokon fine angrep. Olav`ane på midten gjer ein bra kamp. Me var det beste laget og hadde fortent å vinne. Gutane skal ha skrytt av måtten de ikkje lot seg frustrere av dommaren men jobba vidare. Kjempe eigenskap. Dommaren har som spelera gode og dårlige kamper. Det er ikkje mange som vil ta denne jobben og me må ta vare på dei som vil ta jobben.
3 Kamp Dahle-Frei, 1-1:
Dette blei ein negelbittar av ein kamp. Dommaren hadde knapt tatt fløyta ned frå munnen før Frei satte ballen i mål, dermed 0-1. Frå der av og ut omgangen tok me meir og meir over. Men 0-1 til pause. I andre omgang tok me å flytta inn på Frei sin bane halv del på permanent basis. Men ballen ville ikkje samarbeide og nekta å gå i mål, til tross for mange muligheiter. Men så i kampens siste sekund tok Christian ballen på kanten dribla og la inn i feltet. Og der på bakarste dukka Steffan ”mann på rett plass til rett tid” Torsnes opp og satte ballen i mål.
Oppsummering: Styrer heile kampen og spiller til no den beste kampen. Kunne ha vunne 3-1 fullt fortent. Kjempe stå på vilje i laget og gir seg aldri. Blir til slutt belønna for det.
4 kamp Dahle-KFK Barca, 0-0:
I siste kampen møtte me våre katalanske venner frå KFK. Utgangspunktet var om me vant gikk me vidare. Men som i forrige kamp ville ikkje ballen i mål. Til tross for straffe og mange sjansar. Men me speler etter mi meining den beste kampen i cupen her. Surt at me ikkje vinner men slik er det.
Oppsummering av cupen:
Mykje positivt her. Speler bedre og bedre kamper. Har slik eg ser det puljas beste forsvar og dei som meiner noko anna har ikkje peiling på fotball. Generelt bra defensivt spel med ei midtbane som jobba som nokon helta og gjer jobben til forsvaret mykje enklare.
Offensivt begynte me dårlig men spelar betre og betre for kvar kamp. Skaper etter kvart meir og meir sjanger men setter for få av dei. Er mange som ikkje er heilt kjent med posisjonane sine og korleis dei skal løyse dei. Men dette kommer med litt trening. Blei betre berre på den tida cupen varte.
Generelt: 1 midels kamp og 3 som me hadde fortent å vinne. Men det viser at me har potensiale.
Spiller vurderingar:
Håkon Stubø: Måla som går inn kan han ikkje gjera nokon med. Er våken og hadde nokon viktige utrykkninger. Må trene på 5 meter utspark.
Isak Neergård: Kunne ikkje gjøre nokon med måla. Er i likhet med Håkon alltid våken og klar når det skjer noko. Er flink å sette i gang spelet med dei lange kasta hans. Må trene på 5 meter utspark. Dette må me ta på treninga.
Bendik Ersvik: Er saman med resten av 4`eren bak trykkheita sjølv. Gjer det enkelt og blir belønna for det.
Martin Didriksen: Gjer det enkelt og er flink til det. Kunne ikkje sjå han gjer 1 feil av betydning på 4 kamper. Saman med Karl blir dei ein vanskelig duo å komma forbi i år.
Karl Edvard: Gutten med 5 meter stegga. Stor spillete og er Dahles beste mann denne cupen. Vinner alt av dueller.
Kristian Faksvåg: Hadde ei fotsåle vending som sendte 3 på det andre laget ut i pølsebua. Likt som resten av forsvaret tryggheita sjølv. Hadde nokon fine driv oppover kanten i siste kampen.
Bendik Knutsen: Har gjort kjempe framskritt siden me begynte rundt nyttår. Er ikkje ein kjeft som kommer forbi han. Har eit flott driv med ballen når han setter fart. Veit han vinn når han går i duell.
Salam Ali: Kjempe motor på den gutten og gir seg ikkje. Er ikkje kjent med posisjonen han speler i og blir offer for det. Men dette skal me trene på. Var ein av dei beste på laget sitt når me spelte inne i Nordvesthallen. Så me veit at gutten kan.
Steffan Torsnes: Gjer da heilt riktig på målet sitt kommer inn frå kant når innlegge kommer og blir belønna med mål. Er den som løyser kant rolla best.
Mats Kvalvåg: Som Salam er han ikkje kjent med kant rolla enno. Men det skal me trena på. Flink å plassere seg offensivt og er dermed ofte ledig. Flott eigenskap som me skal bruke.
Mathias Unhjem Rognskog: Når du ikkje høyrer Mathias`n veit du han ikkje er på trening. Kjempe kar å ha i laget. Gjelder det samme for han som for resten av gjengen på kanten. Men det ordner me med trening.
Olav Akselsen: Generalen på midten er over alt og vinner dueller og jobber. Trur dette er posisjonen hans. Er rett bak Karl på beste mannslista. Kjempe skudd fot som han viste fram på målet sitt.
Olav Elias: Når den gutten får ballen i beina kan det virke som om han har klister på skoa. Ball kontroll til tusen.
Jonas Aasgård: Kan ikkje bli anna enn i godt humør når ein ser den karen. Gjer ein grei jobb. Men virker litt usikker på kva han skal gjøre. Men med trening skal ein ordne det.
Erlend Haldorsen: Kan brukes framme, midten og bak. Bra å ha slike. Vant mange dueller i dag.
Sindre Jensen: Prøver seg på nokon sirkus triks av og til som gir treneren lyst til å rive av seg det håret han har igjen. Men ein spiss må ha lov til litt slikt. Men når han setter snuten mot mål og setter fart er det ikkje mange som tar han. Flott mål.
Christian Engvik: Synest det er like moro kvar gong han møtter karer som er 3 hoder større og dribler dei på ræv. Jobber som ein helt og hadde eit flott forarbeid til eine målet.






